Sommarstengt over Torget og Bryggen gav betre trivsel i sentrum

I sommar var Torget og Bryggen stengt for gjennomgangstrafikk frå personbilar og motorsyklar. No er tiltaket evaluert.

Målet med tiltaket var å minske biltrafikken i heile sentrum, og gjere det enklare og tryggare å ferdast til fots, med sykkel eller kollektivtransport.

Ifølgje evalueringsrapporten gav tiltaka ein reduksjon på rundt 80 prosent i trafikk over Torget og Bryggen. Halvparten av dei som er intervjua i rapporten seier dei trivst betre i sentrum når Torget og Bryggen er stengt for personbiltrafikk. Halvparten seier det er tryggare å gå og sykle som følgje av tiltaket, og ein av tre seier dei oftare vil velje sykkel, gange eller kollektiv.

Gjennomgangstrafikk i Fløyfjellstunnelen

Det endra køyremønsteret vart innført frå 3. juli til 15. august, og gjaldt personbiltrafikk og motorsykkel. Alle delar av sentrum var tilgjengelege, også med personbil, men gjennomgangstrafikken som ellers går over Bryggen og Torget gjekk i denne perioden gjennom Fløyfjellstunnelen.

Bystyret i Bergen vedtok det endra kjøremønsteret. Tiltaket var ein del av Miljøløftet, og Vestland fylkeskommune utførte det praktiske i prosjektet.

Fylkeskommunen bad ein tredjepart utføre ei evaluering av tiltaket, og Rambøll fekk oppdraget med evalueringsrapporten.

Funna i rapporten  

  • Trafikktiltaket er gjennomført og planlagt i tråd med politiske vedtak og ambisjonar.
  • Majoriteten av innbyggarane og andre aktørar opplever å ha fått tilstrekkeleg med informasjon.
  • Halvparten av innbyggarane trivst betre i sentrum når Torget og Bryggen er stengt for personbiltrafikk.
  • Tiltaket påverkar i liten grad om innbyggarar vel å nytte seg av servering, uteliv og kulturtilbod i sentrum.
  • Ein av tre innbyggarar seier dei vil handle meir utanfor sentrum.
  • Ein av tre innbyggarar seier dei oftare vil velje sykkel, gange eller kollektiv.
  • Halvparten seier det er tryggare å gå og sykle som følgje av tiltaket.
  • Sentrum blir opplevd som mindre tilgjengeleg for dei som er avhengige av personbil.
  • Det er vanskeleg å skilje mellom effekten av smitterverntiltak under koronapandemien og trafikktiltaket når det kjem til besøkstal og omsetning for verksemder i sentrum. Dei mest utsette næringane under pandemien er også dei næringane som oppgir dei største verknadene av trafikktiltaka.
  • Tiltaket ga ein nedgang i trafikk på 80 prosent i begge retningar over Torget, mens over Bryggen var nedgangen på mellom 70 og 80 prosent.

 

Les heile saka på nettsidene til Vestland fylkeskommune

Les evalueringsrapporten her (PDF)