Finansiering i Miljøløftet
Prosjekt i Miljøløftet blir finansiert gjennom fleire statlege tilskot, fylkeskommunale midlar og bompengar. Dei ulike kjeldene til finansiering blir forklart nedanfor.
Statlege tilskot
Programområdemidlar (post 30)
Programområdemidlar over post 30 er eit tilskot sett av til tiltak for kollektivtrafikk, sykling og gange i avtaleområdet. Midlane kan bli brukt til tiltak langs riksveg, eller langs fylkes/kommunalveg viss prosjektet er meir kostnadseffektivt eller gjer betre måloppnåing samanlikna med riksvegtiltak. Lokale partar i avtalen (kommunar og fylket) kan ikkje bruke tilskotet til planlegging av tiltak, berre gjennomføring av allerede planlagde prosjekt.
Prosjekt som blir prioritert med bruk av post 30-midlar i handlingsprogrammet til Miljøløftet, fungerar som eit innspel til statsbudsjettet. For at prosjekta skal få tilskotet må det derfor bli tatt med i det endelege statsbudsjettet.
Belønningsmidlar til kommunane (post 66)
Belønningsmidlane skal bidra til betre framkome, miljø og helse ved å dempa veksten i personbiltransport og auka talet på kollektivreiser. Midlane blir utbetalt som ein årleg sum til kommunane. Tilskotet er meir fleksibelt enn programområdemidlane, og kan bli brukt til både planlegging og gjennomføring av tiltak.
Belønningsmidlar til drift av kollektivtransport (post 66)
Ein del av belønningsmidlane som blir utbetalt til Miljøløftet, er sett av til Skyss for drift av kollektivtransporten. Tilskotet kjem som eit tillegg, ikkje ei erstatning, til den ordinære drifta av kollektivtransport.
Tilskot til betre kollektivtilbod (post 66)
Tilskotet går til å styrke kollektivtilbodet i byvekstområdet. Styringsgruppa i Miljøløftet har bestemt at desse midlane skal bli brukt til investeringar knytt til bybanen.
Tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtransport
Dette er eit tilskot som er øyremerka tiltak for å redusere prisar på kollektivbillettar. Døme på tiltak som er blitt finansiert med tilskotet er takstfrys og prisreduksjon på månadskort. Det er fylkestinget som bestemmer endringar i prisen på kollektiv.
Fylkeskommunale midlar
I tillegg til dei statlege tilskota, bidreg fylkeskommunen med pengar i Miljøløftet. Midlane går til planlegging, prosjektering og gjennomføring av tiltak langs fylkesveg, og til diverse andre prosjekt, som drift av sekretariatet i Miljøløftet og reisevaneundersøking.
Bompengar
I tillegg til pengane som kjem frå staten og fylket gjennom byvekstavtalen, omfattar Miljøløftet også bompengepakka Bypakke Bergen. Dette er ei avtale om bompengefinansiering i Bergen. I avtalen er det planlagd å bruke bompengar på ulike tiltak, mellom anna vegprosjektet Ringveg aust, og bybanen til Åsane.