Prøv samkøyring

Om fleire køyrer saman, blir det mindre kø og trengsel på vegane. I samarbeid med Skyss og selskapet Nabogo har Miljøløftet eit pilotprosjekt på samkøyring i Øygarden og på Askøy.

Fleire undersøkingar tyder på at minst 4 av 5 bilar berre har sjåføren om bord  i rushtida, mellom anna i denne teljinga NRK gjorde mellom Askøy og Bergen.  Det viser at potensialet for samkøyring er stort.

Ein app som koblar sjåfør og passasjer

Nabogo er ein app for samkøyring som koblar dei som treng skyss med dei som har skyss, og syter for at dei som skal same veg finn kvarandre.

Gjennom pilotordninga sørger appen også for økonomien i samkøyringa.

Slik fungerer det:

For sjåfør: For kvar tur med start eller stopp på Askøy eller i Øygarden,  blir sjåføren dekka 1,50 per km opp til 10 km gjennom tilskot frå Skyss, deretter 1 kr per kilometer.

For passasjer: Dersom passasjeren har periodekort hjå Skyss blir betalinga dekka. Dersom passasjeren ikkje har periodekort blir turar opp til 10 km dekka, deretter betaler passasjeren. 

For turar utanom Askøy og Øygarden kan også appen Nabogo brukast, men då vil ikkje sjåførar motta noko tilskot frå Skyss, og turen blir heller ikkje dekka for passasjerar gjennom periodekort eller tilskot.

Vil du teste ut samkøyring? Last ned appen Nabogo her

Les meir om samkøyring på Skyss sine sider

Les om PURIST, forskingsprosjektet på samkøyring her

Les tidlegare artikkel om samkøyring her 

Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen

 

Les meir her