

Byt gir – vel sykkelen
Kva kan du tene på å byte ut bilen med sykkel eller el-sykkel? Kan du spare tid, kan du spare pengar, kan du kome i betre form? Eller berre få ein litt friskare start på dagen?
I vår oppfordrar vi deg til å prøve sykkelen til jobb. Om det er ein dag i månaden eller fem dagar i veka, så er du velkommen til å teste det ut.
Vi skal prøve å hjelpe deg på veg med små tips, tricks og inspirasjon: Korleis er det lurt å kle seg? Korleis unngår du å bli sveitt før morgonmøtet? Kva er den beste ruta til jobb for deg?
Vinn eit miljøløft for din arbeidsplass
Ønsker du ein dag med gratis sykkelservice på din arbeidsplass? Eller å teste ut korleis elsykkel fungerer for dag?
Registrer deg her, så trekker vi ein heldig arbeidsplass blant dei interesserte.
Det er gratis å delta, og ein vinnar blir trekt tilfeldig blant dei som har registrert interessa si innan 2. mai.
Kampanjen gjeld for arbeidsplassar i Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden og Øygarden. Miljøløftet står for gjennomføringa og kontaktar vinnaren direkte.
Bli med på Sykle til jobben
Noregs største aktivitetskampanje varer i år frå 6. mai til 15. juni. Du kan melde deg på som lag eller individuelt, du kan konkurrere med deg sjølv eller andre, og du er med i trekninga om å vinne fine premiar undervegs. Du bidrar til grønare reisevanar og mindre utslepp - og attpåtil kjem du i betre form.
Les meir og meld deg på Sykle til jobben her