Velkommen til Mobilitetsveka 2025

Tysdag 16. september opnar Mobilitetsveka 2025. Mobilitetsveka er ei årleg feiring av miljøvennlege reiseformer og blir markert i heile Europa. Årets tema er mobilitet for alle.

Vi har formulert temaet som "Grøn reiseglede for alle".  Det handlar om å sikre at alle menneske har tilgang til berekraftig transport, uavhengig av inntekt, bustad, kjønn eller funksjonsevne. 

Gjennom veka, frå 16. til 22. september, er det aktivitetar og arrangement i alle Miljøløftet-kommunane: Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.

Programmet startar med eit frukostmøte 16. september, med Mobilitet for alle som tema. 

Det er planlagt sykkelshow, trialløyper for barn og gratis sykkelservice under fleire arrangement. 

Onsdag 17. september opnar miljøgata Grønamyrvegen på Straume i Øygarden, og fredag 19. september markerer vi at eit ny bit av  sykkelstamvegen, frå Bradbenken til Sandvikstorget i Bergen, er ferdigbygd. 

17. september blir det foredrag med Teresie Hommersand, der ho fortel om sin 25 000 km og 4 år lange sykkeltur frå Sør Afrika til Nordkapp.

Under bilfri dag i Bergen sentrum laurdag 20. september vil vi vise i praksis korleis byrom kan bli når ein gir meir plass til menneske og mindre til bilar. 

Og søndag 21. september er det planlagt ein familiedag med sykling og aktivitetar. 

Heile programmet vil du finne her. 

Bruk gjerne veka til å prøve ut å la bilen stå, og heller sykle, gå eller reise kollektivt. 

Om europeisk mobilitetsveke

Europeisk mobilitetsveke har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Mobilitetsveka blir arrangert kvart år frå 16. til 22. september over heile Europa. I 2024 deltok om lag 2766 byar og tettstadar i 46 land.  Mobilitetsveka er dermed Europas største kampanje for miljøvennleg transport. Les meir på nettsidene til Europeisk mobilitetsveke

Under ser du nokre bilete frå Mobilitetsveka 2024.