Bilfri dag i Bergen sentrum

Bli med når vi arrangerer Bilfri dag i Bergen sentrum under Mobilitetsveka, laurdag 20. september 2025.

Laurdag 20. september gir vi bilane ein pause, og fyller gatene med liv og røre. Frå kl. 11.30 til 15 blir det bilfri dag i  Vaskerelven, Engen, Veiten og på Øvre Ole Bulls plass. 
 
Det blir gratis aktivitetar for store og små, konsert i Vaskerelven, gatesirkus,  gjenbruksmarknad, sykkelshow, gratis sykkelservice og mykje meir. 

På programmet

  • Gatesirkus med Cirkus Balanse/Fyllingsdalen teater (heile området). Du kan også prøve deg sjølv som sirkusartist.
  • Konsert med Stig van Eijk (utanfor Kulturhuset, Vaskerelven) 
  • Gjenbruksmarknad med Lopperiet (Veiten og Vaskerelven)
  • Gratis sykkelservice (Engen) 
  • Sykkelshow med MOOW (Torgallmenningen) 
  • Sykkelløype for barn med Sykkelkids (Veiten)
  • Aktivitetsløype og hoppeslott (Vaskerelven, Engen)
  • Bokverkstad og aktivitetar med Tekstalliansen og barnebladet Leseplaneten. 
  • Stand med Miljøløftet, Skyss, Trygg Trafikk, Naturvernforbudet og fleire andre. 
 
 
Meir detaljert program blir lagt ut etterkvart som det er klart.