

Foredrag: Sør-Afrika–Nordkapp på sykkel!
25 000 km, 26 land og 4 år på sykkel! Vi inviterer til eit eventyrleg foredrag med Teresie Hommersand.
Tid: Onsdag 17. september kl. 19.00 Foredraget varer ca. 1 time + spørsmål/svar.
Stad: Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5, 5017 Bergen
Inngang: Gratis og ope for alle.
Etter seks år i Cape Town bestemte Teresie Hommersand seg for å sykle heim i staden for å fly, på grunn av klimaendringane og eit ønske om å redusere sitt eige karbonavtrykk.
Turen tok 4 år, gjekk gjennom 26 land og 25 000 kilometer, frå lammande 50° C til bitande –30° C. No tar Teresie med seg sykkelen og fortel om turen under Mobilitetsveka.
Dette handlar om å sykle. Å ta seg fram ved eiga kraft. Om mot til å lytte til seg sjølv. Eit individ si evne. Om all omsorga og kjærleiken som har prega alle menneskemøta langs vegen, på tvers av landegrenser, kultur, språk, religion, kjønn og generasjonar. Det handlar om fantastisk natur! Nytenking og kreativitet. Korleis møte utfordringar. Og om at det å vere klimavennleg ikkje treng å vere kjedeleg eller gå utover livskvaliteten. Tvert imot. Dette handlar om eit eventyr for livet!
Gjennom foredraget får du forteljinga om ei fantastisk reise, men kan og lære om utfordringar og problemløysing, og gjenoppdage dine eigne evner og ditt eige mot!
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.