Frukostmøte: Mobilitet for alle

Vi opnar Mobilitetsveka med eit frukostmøte som tek for seg temaet Mobilitet for alle. Frukostmøtet er gratis og ope for alle interesserte. Du melder deg på her.

Temaet for årets europeiske mobilitetsveke er mobilitet for alle. Det handlar om å sikre at alle menneske har tilgang til berekraftig transport.  

Men er det slik at alle har denne tilgangen? Korleis er det å komme seg fram i byrommet for ulike grupper? Kvar er hindringane, kva er risikoen og korleis kan vi gjere det lettare?

Frukostmøtet er gratis og ope for alle interesserte, men vi treng påmelding for å kunne berekne servering.  Meld deg på nedst på sida. 

Du kan også følge møtet digitalt. Lenke vil bli lagt ut her seinare. Om du deltek digitalt er påmelding ikkje nødvendig. 

Møteleiar er Kari Gåsemyr, sekretariatsleiar i Miljøløftet.

Program for frukostmøtet

  • 08.00–08.20   Frukostservering
  • 08.20–08.30   Velkommen til Mobilitetsveka og opning v/ Jon        Askeland, fylkesordførar, Vestland fylkeskommune
  • 08.30–09.00  Skadeforebyggende forum – fakta om skader og ulykker og hvordan legge til rette for gode byrom v/ Eva Jakobson  Vaagland og Aurora Trygg, Skadeforebyggende forum
  • 09.00–09.25  Alle skal komme fram v/ Geir Bartz-Johannesen, Vestland fylkeskommune
  • 09.25–09.35   Kaffipåfyll
  • 09.35–10.00   Framkommelighet i parker og byrom v/Maja Nordheim, Bymiljøetaten, Bergen kommune
  • 10.00–10.20    Fra et brukerperspektiv v/ Tove Linnea Brandvik, Norges Handicapforbund
  • 10.20–10.30    Oppsummering og avslutning

Påmelding frukostmøte 16. september

Tid: Tysdag 16. september, kl. 08.00–10.30
Stad: Kantina, Bergen kommune,  Johannes Bruns gate 12, 5008 Bergen (inngang på oppsida av bygget)
Inngang: Gratis og ope for alle
Det blir servering av frukost frå 08.00–08.20.