

Betre plass for reisande og byhistoria
Den travlaste haldeplassen i Bergen får meir tumleplass. No blir det også meir synleg kvifor plassen heiter Nonneseter.
Etter fleire år med venting skjer det endeleg noko på Nonneseter. Den gamle sølvvarefabrikken og leigegarden har lenge stått til nedfalls. Bergen kommune kjøpte dei to bygga i 2020 for å rive dei. No som både antikvariske og byggfaglege mynde har velsigna tiltaket, kan arbeida på den gamle klostertomta ta til.
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.
Rom for reisande og klosterbygningar
Rivinga gir betre plass til gåande, syklande og bybanereisande langs det som i dag er ein smal flaskehals. Men gjer det òg mogleg å gje nytt rom til gammal middelalderhistorie.
— Ein klar forutsetning for at vi får rive og bygge nytt byrom er at klosterbygningane frå middelalderen kjem betre fram. Byrommet skal gjerast ferdig rett i etterkant av rivinga, seier Geir Markhus, prosjektleiar i Bybanen utbygging.
Riksantikvaren, Byantikvaren, Fortidsminneforeningen, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune har vore sentrale i den omfattande prosessen med å utforme det nye byrommet.
Arbeidet med nytt byrom blir gjennomført som eit prosjekt i Miljøløftet.
Bergens travlaste
Kvar dag går ca. 6000 menneske av og på bybanen på bybanestoppet som går sørover mot Flesland og Fyllingsdalen.
Haldeplassen Nonneseter er den mest trafikkerte i Bergen, med 1,4 meter breitt fortau til å ta unna passasjerar, syklistar og andre gåande. I tillegg går ca. 25 000 menneske ut og inn av Bergen storsenter kvar dag.
— Vi skal ha respekt for prosessen knytt til riving av Sølvvarefabrikken, men no er den eldre byhistoria meir vektlagt enn den yngre, så på vegne av både Bergen kommune og Vestland fylke er eg glad for at vi har fått ja til å gi både passasjerar, syklande, gåande og ikkje minst byhistoria vår betre plass. No har vi mogelegheit til å løfte fram historia frå middelalderen, som har lagt litt skjult sjølv om det er midt i byrommet, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Slik kan Nonneseter kloster ha sett ut på 1100-talet
Video: Arkikon i samarbeid med Byantikvaren ved Bergen kommune og Universitetet i Bergen.
Skånsam riving
I mars 2026 startar arbeidet som vil pågå frem til sommaren. I løpet av hausten og vinteren 2026 og 2027 skal området stå ferdig.
– Eg er glad for vi endeleg får synleggjort desse to klosterskattane frå 1100-talet, og samstundes betra forholda for gåande, syklande og reisande. Det, som i dag er ein trong og nedsliten passasje, skal opnast opp til eit flott torg som framhevar historia til byen vår, seier byråd for byutvikling i Bergen, Eivind Nævdal-Bolstad.
Haldeplassen Nonneseter i retning mot Flesland og Fyllingsdalen blir stengt mens arbeidet pågår. Rivingsarbeidet skal gjerast manuelt og skånsamt med riveroboter. Tårnfoten og Korkapellet skal vernast og beskyttast under heile arbeidet.
Mange samarbeidspartnarar
— Som eigarar av Tårnfoten og kapellet gler vi i Fortidsminneforeningen oss til å få opna opp og tilrettelegge slik at fleire skal få oppleve og bruke dei to fantastiske romma. Så fort prosessen tillét vil vi også få restaurert dei utvendig, mellom anna med ny kalkpuss, slik at dei verkeleg skal kome til sin rett i det nye byrommet, seier generalsekretær Fortidsminneforeningen, Ola Harald Fjeldheim.
Bergen kommune eig fabrikken og leigegarden. Fortidsminneforeininga eig dei to klosterbygga. Bybanen utbygging og Vestland fylkeskommune har ansvaret for haldeplassen og Kaigaten som er ein fylkesveg. Ein annan nabo som vil merke arbeida er Bergen Storsenter.
Prosjektet er ein del av Miljøløftet og tiltaket blir utført av Vestland fylkeskommune ved Bybanen utbygging.
Her er noko av det som blir nytt:
- Sambruksområde, eit område som gåande, syklistar og andre deler.
- Pergolaen skal byggjast i tre og blir kledd med klatreplanter som gir assosiasjonar til den historiske klosterhagen. Ho skal bidra til å binde saman Korkapellet og Tårnfoten, og skape eit grønt og triveleg opphaldsrom i byrommet.
- Fortidsminneforeningen skal rehabilitere fasaden på Tårnfoten og Korkapellet.
- Området der fabrikken står får eit «kyrkjegolv» i granitt, slik det var på 1100-talet, klosterhagen blir bygd opp med planter, vatn og belysning.
Både Fortidsminneforeningen, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune (med fylkeskommunale midlar gjennom Miljøløftet) er med å betale for det nye byrommet.
Tekst: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune. Illustrasjon øvst i sak: Norconsult.
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.



