Feira 1 million i Fyllingsdalstunnelen

Byråd Eivind Nævdal-Bolstad kom med elsykkel frå Mindemyren. Fylkesordførar Jon Askeland og varaordførar Stian Davies jogga frå Fyllingsdalen. Og så møttest dei i midten for å feire 1 million passerande i Fyllingsdalstunnelen.

Saman med dei var mange andre morgonfriske syklistar, gåande og joggande, på veg til jobb eller skule i begge retningar.

Og lovorda hagla om tunnelen: «Genial» , «Fantastisk», og «Eg bruker den hver dag», var kommentarar som gjekk igjen frå dei som stoppa for å få ein smoothie i anledning feiringa av éin million passeringar.

– Ein fantastisk rekord

Mange syntest òg det var godt å få ein pause frå sprengkulden: Fyllingsdalen har ein jamn temperatur gjennom året på 7 varmegrader, mens utetemperaturen denne dagen kraup ned mot 10 minus.

Fylkesordførar Jon Askeland kalla tunnelen «verdens råaste fylkesveg», i intervju med NRKS morgonsending i tunnelen:

– Dette er rett og slett feiring av ein fantastisk rekord. At éin million har brukt tunnelen hittil, på mindre enn tre år, det overgår alle våre forventningar. Vi var jo utruleg spent då vi opna, sa han. 

Miljøløftet-prosjektet  Fyllingsdalstunnelen opna 15. april 2023. Den tre kilometer lange tunnelen var opprinneleg tenkt som ein rømningstunnel for Bybanen, som går i tunnelen ved sidan av. Men gode krefter fekk ideen om å ruste opp rømningstunnelen til ein fullverdig gang- og sykkeltunnel.

Internasjonal merksemd

Resultatet er verdas lengste gang- og sykkeltunnel og ein tunnel som har hausta mykje merksemd for sine kvalitetar, også internasjonalt.  

Mellom anna har Dan Buettner frå Netflix-programmet Blue zones vore på besøk i tunnelen, og Youtube-kanalen Not Just Bikes har laga video til sine 1,4 millionar abonnentar.

Tartandekket som er brukt langs heile gangfeltet i tunnelen gjer tunnelen svært godt eigna også  for jogging, og mange idrettslag, skular og enkeltpersonar tek joggeturen her inne, spesielt i vinterhalvåret.

 

Les meir her om Fyllingsdalstunnelen og Kronstadtunnelen her