- Kommune: Bergen kommune, Fana
- Tiltaksområde: Gange, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Finansieringskilde: Statlige programområdemidler
- Status: Planleggingsfasen
Tidlegare delstrekning 3 Nesttun-Fjøsanger er delt i 2 parsellar: Parsell 3A Nesttun-Hop og Parsell 3B Hop-Fjøsanger. Planområdet for delstrekning 3A og B er historisk jernbanetrasé for gamle Vossabanen.
Parsellen går frå Hop til Gamlehaugen og vil saman med delstrekning 3A kople saman Nesttun og Fana-området med Fjøsanger og søre delar av Bergensdalen. Lengda er ca. 2 km gang- og sykkelveg. Reguleringsplanforslag for delstrekning 3 (A og B samla) vart lagt ut til offentleg ettersyn hausten 2022. Reguleringsplanen blir ferdigstilt for Parsell 3A Nesttun-Hóp, og blir avslutta ved Hop/Wernersholmveien.
Parsell 3B Hop-Fjøsanger (dette prosjektarket) omfattar ca 1,1 km høgverdige kulturminne som er viste i Kommuneplan for Bergen med omsynssone kulturmiljø, og det blir ikkje akseptert inngrep langs den aktuelle strekninga på grunn av høge kulturmiljøverdiar. I hovudsak er det avgrensingar i skjeringar og landskapsrom som medfører at prosjektet ikkje kan utvide dagens tverrsnitt og som ville gitt nødvendig rom for breiddeutviding.
For å oppnå målsetjinga til prosjektet med separate areal til gåande og syklande, må det sjåast på to alternative løysingar: Ei fullverdig løysing der alternative trasear blir vurderte, og ein forenkla plan med tiltak som på kort sikt kan gi betre trafikktryggleik med punktutbetring. Traseval for fullverdig løysing må avvende avklaringar i samband med kommunedelplan for E39 Fjøsanger-Arna.
Den forenkla løysinga er avgrensa til utbetring av trafikktryggleikspunkt på eksisterande gong - og sykkelveg. Formålet med prosjektet er å betre trafikktryggleiken på særleg utsette punkt og koplingar med mellom anna dårlege siktforhold. Det er utført trafikktryggleiksinspeksjon for å identifisere trafikktryggleikspunkt som har behov for utbetring.

