Sykkelparkering der du bur

Her får du ei oversikt over sykkelskåp og andre former for trygg sykkelparkering i din kommune.

Sykkelskåp gir trygg og enkel parkering for sykkelen. I dei siste åra har mange nye sykkelskåp blitt finansiert og plassert ut gjennom Miljøløftet eller andre aktørar. Sykkelskåpa er levert av Bikely, og du bookar og betalar for dei gjennom appen frå Bikely, som du finn her. Under er eit kart over kvar du finn sykkelskåpa. Lenke til kartet finn du her.                                           

Sykkelparkering ved kollektivterminalar 

Mange av sykkelskåpa er sett ut ved kollektivterminalane til Skyss. Her, og langs stoppa ved bybanen finn du både sykkelskåp og anna sykkelparkering. 

På Skyss sine sider finn du ei liste over sykkelparkering på terminalane og langs bybanelinja.