Kjennskap og haldningar til Miljøløftet

Sjå resultata frå Miljøløftet si kjennskap- og haldningsundersøking her.

Gjennom Miljøløftet si årlege kjennskap- og haldningsundersøking blir folk i heile byvekstområdet spurt om kva dei meiner om Miljøløftet og ei rekkje andre tema, som bompengar, bybanen, privatbilisme og bruk av kollektivtransport. 

Undersøkinga går ut til om lag 1800 personar i Bergen, Alver, Øygarden, Bjørnafjorden og Askøy. Det er Opinion som gjennomfører undersøkinga.

Resultata for 2025 viser mellom anna at 59 prosent av befolkninga har høyrt om Miljøløftet. Flesteparten av desse – 68 prosent – er svært eller ganske positive til Miljøløftet.

Sjå resultata frå kvart år i menyen til venstre.