

Gi plass når du kan, få plass når du treng det
Miljøløftet jobbar for at det skal bli enklare å velge andre transportmiddel enn bil. Kan du køyre litt mindre enn i dag?
Visste du at vi blir om lag 40 000 fleire i og rundt Bergen i 2050?*
Visste du at kvar person i snitt gjer 2,5 reiser kvar dag?*
Visste du at nesten halvparten av reisene i bergensområdet blir tatt med bil?*
Visste du at Miljøløftet jobbar for at det skal bli enklare å velge andre reisemåtar?
Fleire folk, fleire reiser
Når vi blir 40 000 fleire, og kvar person i snitt gjer 2,5 reiser kvar dag*, viser eit enkelt reknestykke at det blir rundt 100 000 fleire daglege reiser i bergensområdet i 2050. Om alle held fram med å køyre bil i like stor grad som i dag, blir det endå meir kø, støy, lokal luftforureining (svevestøv) og klimagassutslepp.
Det betyr ikkje at folk som treng det, ikkje skal kunne bruke bilen. Men kanskje kan du køyre litt mindre enn du gjer i dag?
Sykkel, kollektiv og samkøyring
Å ta kollektivtransport er ofte enklare og billegare enn ein trur. Dersom det går få bussar der du bur, kan du køyre til ei innfartsparkering, setje frå deg bilen der og ta bussen delar av strekninga.
Kva med å ta sykkelen fatt? Då slår ein to fluger i éin smekk ved å kombinere arbeidsreisa med treningsøkta du likevel hadde tenkt å ta seinare på ettermiddagen. Du treng heller ikkje å sykle kvar dag, heile året. Men kanskje av og til?
Eller kva om du avtaler med ein nabo, kollega, ven eller familiemedlem å køyre saman til jobb eller skule? Kvar passasjer kan bety éin bil mindre i køen.
Viss alle gir plass når dei kan, vil det óg vere meir plass til deg på vegen dei gongane du treng bilen.
Miljøløftet jobbar for alternativ til bil
Miljøløftet er namnet på byvekstavtalen for Bergensområdet. Kommunane Bergen, Askøy, Bjørnafjorden, Alver og Øygarden er med i avtalen, saman med Vestland fylkeskommune og staten. Byvekstavtalen handlar om å leggje til rette for at det ikkje blir meir biltrafikk, men at veksten i personreiser blir tatt med kollektivtransport, sykkel eller gonge.
Det gjer ein ved å byggje ut gang- og sykkelvegar, ruste opp kollektivtilbodet og gjennomføre andre tiltak som skal gjere det meir attraktivt å reise på andre måtar enn med bil.
I det interaktive prosjektkartet vårt kan du sjå kva prosjekt som er bygde eller planlagde nær deg.
Her kan du sjå ofte stilte spørsmål om Miljøløftet.
*Reknestykket er basert på Statistisk sentralbyrå sine prognosar
for den mest sannsynlege folketalsutviklinga (alternativ MMMM). Utviklinga i folketal gjeld for bergensområdet (området for byvekstavtalen), altså kommunane Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden og Øygarden.
Gjennomsnittleg tal på daglege reiser, og andel reiser gjort med bil er basert på reisevaneundersøkinga (RVU) for 2025.