Elsykkel-lykke for Byt gir-vinnarar

Byt gir-kampanjen er over for i år, og to heldige vinnarar har fått kvar sin elsykkel i konkurransen vi arrangerte undervegs.

Marianne Jerad som jobbar ved Bergen Inkluderingssenter og Unni Aarsand ved Universitetsmuseet i Bergen vann kvar sin Hard Rocxx elsykkel frå Sykkelbutikken.

For begge kom vinnarlykka uventa.

– Eg trur aldri eg har vunne noko før, seier Marianne Jerad.

– Eg har jo vore på ein del basarar i mitt liv, men ikkje vunne så mykje som ein kaffipose. Så dette var heilt overraskande, seier Unni Aarsand.

Mykje oppoverbakke

Marianne Jerad bur på Landås, opp mot Nattlandsfjellet, og jobbar på Bergen inkluderingssenter, eit par kilometer lenger nede langs Nattlandsveien. Stort sett pleier ho å gå til jobb, men no vil ho også teste elsykkelen.

 – Eg har ein vanleg sykkel frå før, men den har stått mykje på staden kvil. Det er mykje oppoverbakke her, som du ser. Eg likar godt å sykle, men i det siste har det vore mest spinning, smiler ho.

– Men med elsykkel skal dei bakkane gå veldig fint.

Marianne Jerad er klar for å teste ny elsykkel i oppoverbakkane til Landås.

Større radius

  Marianne tenker også å bruke elsykkelen på fritida

– Eg har ei veninne med elsykkel som pleier å sykle lange turar. No kan eg vere med henne på det. Os, Melkeviken, Åsane – det er mange stader du kan dra når du har ein elsykkel.

– Kva syns du om forholda for sykling i Bergen?

– Det har blitt meir tilrettelagt dei siste åra. Det kan sikkert bli endå betre, men det er iallfall betre enn det var.

Unni Aarsand ser også for seg å bruke elsykkelen til jobb.

Ho bur i Olsvikåsen og jobbar på Universitetsmuseet si avdeling på realfagbygget i Bergen sentrum.

– I det siste har eg pleidd å ta buss til jobben. Eg var uheldig på ein treningstur og skada hofta, så det har tatt lang tid å bli frisk igjen. Men no er eg klar for å sykle.

Via Sildaberget

– Eg bur ganske høgt oppe i Olsvikåsen og det er langt ned i dalen til Vestkanten, og langt opp igjen når du skal heim. Eg hadde ein elsykkel frå før også, men den var begynt å bli ganske gammal og skranglete. Denne virkar både tryggare og har mykje kraftigare batteri.

Korleis syklar du til jobb?

– Eg syklar forbi Vestkanten, vidare til Sildaberget og koblar meg på sykkelvegen der. Og så syklar eg vidare inn via Laksevåg og over Puddefjordsbroen.

Sykkelfelt til Hjellestad kai

Unni trur også ho kjem til å bruke elsykkelen på fritida. Ho er fødd og oppvaksen på Hjellestad og tar gjerne turen i den retning.

– Det er veldig fint å sykle utover der. Då kan eg dele turen opp i to også, besøke vener og kanskje overnatte, seier ho.

– Korleis er sykkelforholda i Bergen?

– Eg tenkjer at forholda for syklistar har kome seg mykje dei siste åra. Men framleis er det forbetringspotensiale når det gjeld eigne felt for syklistar. Eg håpar det blir tatt med i planane for utbetringa av vegen mellom Ådlandsbroen og Hjellestad kai, for eksempel.  

Fakta om Byt gir

  • Sykkelkampanje mot arbeidsplassar, studiestader og andre stader i Miljøløftet-kommunane.
  • Innhald: Gratis sykkelservice, informasjon og prøving av elsyklar
  • I 2026 besøkte vi Media City Bergen, GC Rieber, Telenorbygget på Kokstad, Fjordkraft, Bergen Vann, Kronstadparken, Universitetet i Bergen, Noregs Handelshøgskole NHH, Helsetunet – Myrane på Askøy, Grønamyrvegen –  Straume i Øygarden, Øyro – Os i Bjørnafjorden og Helsehuset – Knarvik i Alver. I trekninga om vinne gratis sykkelservice til arbeidsplassen hadde vi tre vinnarar: Bergen inkluderingssenter, Bergen rådhus og Alvøen arbeidstrening. Totalt var vi på 15 ulike stader.
  • 331 syklar fekk gratis sykkelservice i perioden.
  • Totalt hadde vi fire fleire arrangement under Byt gir i 2026 enn i 2025, og 106 fleire syklar fekk service.

 

Foto øvst i sak: Unni Aarsand med sin nye elsykkel utanfor Realfagbygget. 

Les meir om kampanjen her