

No kan du følge trafikkutviklinga i Bergensområdet
Vi har laga eit interaktivt dashbord der du kan sjå utviklinga i mellom anna biltrafikk, kollektivreiser og bruk av sykkel.
Miljøløftet har som mål at det ikkje skal bli meir biltrafikk enn det er i dag, men at fleire heller skal nytte kollektivtransport, sykkel eller gå.
Klarar vi å nå måla?
I eit nytt interaktivt dashbord kan du no følgje utviklinga i trafikken i Bergensområdet. Kor mykje biltrafikk var det i fjor, samanlikna med tidlegare år? Kor mange reiser blei tatt med buss eller bybane? Og kva med sykkel – blir det fleire eller færre syklistar på vegane?
Dashbordet finn du i Innsikts-menyen øvst på nettsida, eller ved å trykke på denne lenka: