

Opna Mobilitetsveka med morgonutdeling i Bergen sentrum
16. september opna Mobilitetsveka, med morgonutdeling til gåande og syklande utanfor Vestlandshuset i Bergen sentrum. Byutviklingsbyråd Christine Kahrs var med å dele ut smoothies og handlenett.
– Dette er veldig gøy å vere med på, seier byråden.
– Eg pleier å ta bybanen til jobb. Men eg syklar også masse rundt på befaring for å bli kjent med dei sakene eg held på med. Det er veldig nyttig.
Feiring av grøne reisevanar
Saman med Christine Kahrs var også sykkelsjef Einar Grieg i Bergen kommune, sekretariatsleiar i Miljøløftet. Aina Haugstad, og Andreas H. Opsvik og Eivind Kvamm-Lichtenfeld i Syklistforeningen Bergen og omegn.
Mobilitetsveka 2024 er ei heil veke med feiring av grøne reisevanar i alle Miljøløftet-kommunane. Sykkelshow, Bilfri dag og gjer-det-sjølv-sykkelverkstad er noko av det som står på programmet, frå 16. til 22. september.
Lunsjseminar og filmpremiere
På Straume i Øygarden blir det lunsjseminar med betre trafikkflyt og samkøyring som tema, og på Kulturhuset i Vaskerelven i Bergen blir det norgespremiere på den nederlandske sykkelfimen "When we cycle"
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.

Eirik Hjermann fekk sykkellykt og smoothie på veg til jobb av Eivind Kvamm-Lichtenfeld, Syklistforeningen Bergen, og Ida Kristoffersen, Miljøløftet/Bergen Live.

Sykkelsjef i Bergen, Einar Grieg og morgonsyklist Sonja Henriksen.

Jan Ullesnes fekk smoothie og handlenett av Ida Kristoffersen, Miljøløftet/Bergen Live
og byutviklingsbyråd Christine Kahrs.

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs, Synne Øverland, Miljøløftet/Bergen Live og Nina Beate Jensen.


Hilde Strand Dybevik var ein av dei som sykla på opningsdagen av Mobilitetsveka. Her flankert av (frå venstre) sekretariatsleiar i Miljøløftet, Aina Haugstad, byutviklingsbyråd Christine Kahrs og sykkelsjef Einar Grieg.


