Fleire Miljøløftet-prosjekt fekk pengar i statsbudsjettet

I forslaget til statsbudsjett er det lagt inn pengar til nye prosjekt i både Øygarden, Alver, Bjørnafjorden og Bergen.

Forslaget til statsbudsjett ble lagt fram av Regjeringa onsdag 15. oktober, og der var det fleire gode nyheiter sett med Miljøløftet-auge. 

I statbudsjettet ligg det nemleg pengar til å starte opp fleire av prosjekta i Miljøløftet sitt handlingsprogram. Det gjeld prosjekt i både Øygarden, Bjørnafjorden, Alver og Bergen.

Askøy hadde ikkje spelt inn nokre prosjekt i handlingsprogrammet med planlagt oppstart til neste år. Til gjengjeld ble prosjektet på Myrane på Askøy nyleg ferdigstilt, og markert med ei storstilt opning i juni.

Desse prosjekta er med i forslaget til statsbudsjett:

Øygarden:

Bjørnafjorden:

Alver:

Bergen:

Ikkje alle prosjekt får pengar

Handlingsprogrammet i Miljøløftet er eit dokument som viser kva prosjekt partane ønsker å prioritere dei neste fire åra. Men sjølv om eit prosjekt er med i handlingsprogrammet, er det ikkje garantert at det kan starte opp til planlagt tid.

Det er fordi prosjekta også er avhengig av å få tildelt midlar gjennom statsbudsjettet. Handlingsprogrammet fungerar som Miljøløftet sitt innspel til staten om kva prosjekt vi ønsker at skal få midlar. 

I forslaget til statsbudsjett som no er lagt fram, er det løyva pengar til nesten alle prosjekta vi spelte inn for 2026. Dei einaste to prosjekta som står i handlingsprogrammet for år 2026, men som ikkje får midlar i statsbudsjettet, er "Oppgradering av haldeplassar E39 Bjørnafjorden" og "Ytre Arna–Breistein, sammenkobling av gangveier". 

Må bli vedtatt i Stortinget først

Det som no er lagt fram er berre eit forslag til statsbudsjett frå Regjeringa. Statsbudsjettet må bli vedtatt i Stortinget før det blir endeleg.

Det er forventa at statsbudsjettet blir vedtatt i desember.

Viss forslaget står seg med desse prosjekta inne i budsjettet, kan vi sjå fram til fleire nye spadetak til neste år.

 

Foto: Anders Kjetland