

Jubla for tryggare skuleveg
460 elevar jubla då den nye gang- og sykkelvegen langs Sagstadvegen i Alver vart opna.
– Ein av dei verste vegane i fylket har blitt ein av dei beste, sa fylkesordførar Jon Askeland då han opna den nye gang- og sykkelvegen saman med Alver-ordførar Nina Bognøy.
Sagstadvegen går frå Frekhaug og oppover forbi Sagstad skule. Her ligg også idrettsanlegget Meland Aktiv med hall og baner.
Meir gåing og sykling
Tidlegare har den smale vegen, utan fortau, gjort at mange barn og unge har blitt køyrt til skule og idrettsaktivitetar. No ligg alt til rette for at dei kan gå og sykle sjølve. Gang- og sykkelvegen er fysisk skilt frå bilvegen med ein langsgåande refuge, og er forsynt med veglys.
Sagstad skulekorps spelte under opninga, og etterpå kunne alle elevane feire opninga med bollar og jus.
Også betre for bussen
Gang- og sykkelvegen har kosta i underkant av 60 mill. kroner, og er finansiert gjennom Miljøløftet. I prosjektet er det også inkludert ein ny trafikksikker haldeplass for buss ved Sagstad skule.
Samtidig med gang- og sykkelvegprosjektet er det bygd ei ny rundkøyring ved Frekhaug. Den er finansiert gjennom Nordhordlandspakken.
Foto: Silje Alvsaker /Vestland fylkeskommune
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.









