Bilfri dag i Bergen sentrum

Bli med når vi opnar Mobilitetsveka 2023 med Bilfri dag i Bergen sentrum, laurdag 16. september.

Ta med familien og opplev Vaskerelven, Engen, Veiten og Øvre Ole Bulls plass utan bilar, men fulle av liv.
 
Det blir gratis aktivitetar for store og små, konsert med Christine Sandtorv i Vaskerelven, spektakulært sykkelshow med MOOW på Torgallmenningen, gratis sykkelservice og mykje meir. Aktivitetane under Bilfri dag varer frå 11.30 til 15.00.
 
I tillegg samarbeidar vi med TIF Viking, som arrangerer Bergen City Milen, barneløp og aktivitetspark for barn samme dag.
 
Museumstrikken køyrer avgangar frå haldeplassen ved Cafe Opera spesielt for bilfri dag.
 
Eirik Ulltang og MOOW i gang med sykkelshow på Torgallmenningen under Bilfri dag i 2022. Foto: Gaute Ulltang/MOOW.

Noko av det du kan oppleve (program blir oppdatert):

  • Christine Sandtorv og Stjernetellerbandet: Christine Sandtorv har gitt ut fleire spelemannsprisvinnande plater for barn. Når ho tar med seg stjernetelleruniverset sitt til Vaskerelven blir det gøy, vakkert og rørande for både barn og vaksne.
  • Gjenbruksmarknad: Det blir loppe- og gjenbruksmarknad i Veiten.
  • Sykkelshow: Trialsyklistane i MOOW gir eit spektakulært show på Torgallmenningen. Sjekk ut https://moow.show/
  • Gratis sykkelservice: Ta med sykkelen og få ein gratis sjekk. Vi står i Engen, i krysset ved Ole Bulls plass. Du kan levere syklar frå 11.30 (Tilbodet om sykkelservice gjeld dei syklane mekanikarane rekk over mellom 11.30 og 15, så det kan lønne seg å møte opp i god tid.)
  • Ta Museumstrikken. Museumstrikken køyrer avgangar frå haldeplassen ved Cafe Opera spesielt for bilfri dag. Turen går til Bergen Tekniske Museum på Møhlenpris og inngang og retur er inkludert (Pris vaksne 150, barn under 18 gratis). Rutetider: Frå Trikkehallen, Møhlenpris: 11.30. Deretter kvar halvtime fram til 16.00. Frå Café Opera, Engen: 11.45. Deretter kvar halvtime, med unntak av siste avgang, 16.10.
  • Møt Den Nationale Scene: Teateret på Engen stiller med ansiktsmaling for barn. Det blir også skiløype for dei minste, på kunstgrasdekke.
  • Bybaneverkstad: Lag din eigen bybanemodell i papir med kunstnaren Kanyawee Smestad.
  • Aktivitetsløype for barn i Vaskerelven: Fine premiar for alle.
  • Smoothiesyklar: Lag din eigen smoothie med pedalkraft.
  • Stands med Skyss, Trygg Trafikk og fleire andre.
  • Gullgraving og (skumgummi)økseskast for barn.
 

Her er heile programmet for dagen. Endringar kan komme, så følg med her:

11.30 Opning av Mobilitetsveka 2023 og Bilfri dag på Torgallmenningen
11.30-15.00 Aktivitetar langs Vaskerelven, Engen, Veiten og Ole Bulls plass.
11.40-12.00 Sykkelshow med MOOW på Torgallmenningen.
12.40-13.00 Sykkelshow med MOOW på Torgallmenningen.
13.20 Konsert med Christine Sandtorv ved Kulturhuset i Bergen, Vaskerelven.
14.00-15.00 Aktivitetspark for barn på Torgalmenningen.
15.00 Start Barneløpet Torgallmenningen (600m).
16.00: Bergen City Milen.
17.00 Premieutdeling frå scena.
 


Bilfri dag er ein del av Mobilitetsveka, med arrangement og aktivitetar i Bergen, Askøy, Øygarden, Alver og Bjørnafjorden frå 16. til 22. september.