Velkommen til Mobilitetsveka 2023!

Laurdag 16. september går startskotet for Mobilitetsveka, med Bilfri dag i Bergen sentrum. Deretter blir det program gjennom heile veka i alle Miljøløftet-kommunane: Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.

Temaet for årets mobilitetsveke er «Spar energi» . Vi vil vise korleis ein kan bruke beina, sykkelen, kollektivtransport eller bildeling og samkøyring for å spare energi og få ein grønare reisekvardag.

På programmet står spektakulære sykkelshow, trialløyper for barn, bilfri dag, gratis sykkelservice og mykje anna. Sjekk heile programmet her 

Og bruk gjerne veka til å la bilen stå, og prøve nokon nye transportmiddel mellom heim, jobb, skule og trening. 

Nedanfor kan du bla deg gjennom bileta frå Mobilitetsveka 2022.

Om europeisk mobilitetsveke 

Europeisk mobilitetsveke har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Mobilitetsveka blir arrangert kvart år frå 16. – 22. september over heile Europa. I 2022 deltok om lag 3000 byar og tettstadar i 51 land.  Mobilitetsveka er dermed Europas største kampanje for miljøvennleg transport. Les meir på nettsidene til Europeisk mobilitetsveke