Mobilitetsveka 2026: Markering av nye elbåtar på linja Kleppestø–Bergen

Vi markerer at begge dei to nye elbåtane er i drift på Skyss si rute mellom Kleppestø og Bergen. Markeringa blir gjort som ein tjuvstart for Mobilitetsveka 2026, og klimaministeren er på plass, saman med mange andre.

Ruta Kleppestø–Bergen har no fått to heilelektriske båtar i drift, MS Kleppestø og MS Florvåg. 

Etter ein liten innkøyringsperiode er det på tide å markere offisielt at begge to båtane er i ordinær drift. 

Markeringa startar på Stranskaiterminalen kl. 11, og fortset på båten til Kleppestø og tilbake. 

Klimaminister Andreas Bjelland Eriksen er på plass, saman med representantar frå Vestland fylke, Askøy kommune, Skyss og Fjord1. 

Arrangementet er ope for alle. Fleire detaljar kjem her.