Reisevaneundersøkinga (RVU)

Reisevaneundersøkinga er ei årleg undersøking som spør om reisevanane til det norske folk.

Kor ofte reiser folk? Korleis reiser dei? Kvifor reiser dei? Gjennom den årlege Reisevaneundersøkinga (RVU) forsøker ein å finne ut av nettopp desse spørsmåla. 

Undersøkinga blir utført på oppdrag fra Avinor, Bane NOR SF, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Nye Veier AS og Statens vegvesen (SVV). Det er Opinion som gjennomfører undersøkinga. 

Den første Reisevaneundersøkinga blei gjennomført i 1985. Sidan 2016 har den blitt gjennomført årleg. Resultata frå hovudundersøkinga er basert på svar frå heile befolkninga. I tillegg er det laga eit tilpassa utval for Miljøløftet, som er representativt for byvekstavtaleområdet. 

Rapporten for 2025 finn du her.

Tidlegare rapportar finn du i venstremenyen.