

Velkommen til Mobilitetsveka 2026
Mobilitetsveka er ei årleg feiring av miljøvennlege reiseformer, og blir markert i heile Europa. Årets tema er grøne reiser heile livet. Veka varer frå 16. til 22. september, men vi tjuvstartar alt 14. september med å feire nye elbåtar på linja Bergen–Kleppestø.
På engelsk er temaet formulert som "Mobility for everyone", med undertittelen "Intergenerational Fairness": Det handlar om at alle skal ha rett og tilgang til berekraftig transport gjennom alle livsfasar, frå ung til eldre.
Sjølve Mobilitetsveka varer frå 16–22. september, men vi tjuvstartar alt 14. september: Då markerer vi dei to nye elektriske snøggbåtane på ruta Kleppestø–Bergen, med klimaministeren på besøk.
Gjennom heile veka er det aktivitetar og arrangement i alle Miljøløftet-kommunane: Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.
Under bilfri dag i Bergen sentrum laurdag 19. september vil vi vise i praksis korleis byrom kan bli når ein gir meir plass til menneske og mindre til bilar.
Her kan du lese heile programmet for Mobilitetsveka.
Vi håpar du har lyst til å besøke eit av arrangementa våre. Og bruk gjerne veka til å prøve ut nye reisevanar: La bilen stå ein dag, og test ut sykkelen eller prøv busstilbodet der du bur.
Om europeisk mobilitetsveke
Europeisk mobilitetsveke har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Mobilitetsveka blir arrangert kvart år frå 16. til 22. september over heile Europa. I 2025 deltok over 2700 byar og tettstadar i 46 land. Mobilitetsveka er dermed Europas største kampanje for miljøvennleg transport. Les meir på nettsidene til Europeisk mobilitetsveke
Under ser du nokre bilete frå Mobilitetsveka 2025.
Glimt frå Mobilitetsveka 2025
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.























