Lunsjseminar: Bruk energien din på ei smartare reise

Miljøløftet og Skyss invitererte til gratis lunsjseminar om reiseval og energisparing under Mobilitetsveka. Her kan du sjå heile seminaret i opptak.

Nye reisemåtar. Samkøyring. Bestillingstenester. Korleis kan vi reise meir berekraftig og smartare i framtida?
 
Under Mobilitetsveka, på kollektivdagen den 19. september, invitererte vi til eit lunsjseminar med dette som tema. Seminaret vart halde på Kulturhuset i Bergen, og streama for alle interesserte. No kan du sjå heile seminaret i opptak her: 
 

Meir om innhaldet 

Einar Aalen Hunsager og Joran Buwalda jobbar med elektrifisering av bussar, ferjer og hurtigbåtar, og har eit brennande entusiasme for berekraftig utvikling. Dei formidlar sin kunnskap på ein spennande og enkel måte, og vil garantert få publikum til å tenke nytt!
 
Frode Endresen og Roy Gunnar Blommedal jobbar med ny mobilitet i Skyss, og nye fleksible løysingar for dei reisande. Under mobilitetsveka startar ein ny pilot for samkøyring i Øygarden. Det handlar om å utnytte kapasiteten i bilane på veien. Hadde du vore villig til å dele bilen din med ein framand? Høyr meir om konseptet her!
 
Ranveig Helle frå Skyss bind det heile saman.
 
Program:
11.00: Lunsj
11.30: Innlegg frå Einar Aalen Hunsager og Joran Buwalda, Tilbodsutvikling, Skyss
12.15: Kort pause
12.20: Innlegg frå Frode Endresen og Roy Gunnar Blommedal, Ny mobilitet, Skyss
12.50: Spørsmål
13.00: Slutt
 

Les mer om