Bilfri dag i Bergen sentrum

Bli med når vi arrangerer Bilfri dag i Bergen sentrum under Mobilitetsveka, laurdag 19. september 2026.

Laurdag 19. september gir vi bilane ein pause, og fyller gatene med liv og røre. Frå kl. 11.30 til 15 blir det bilfri dag i  Vaskerelven, Engen, Veiten og på Øvre Ole Bulls plass. 
 
Det blir gratis aktivitetar for store og små, det blir konsert i Vaskerelven, gatesirkus,  gjenbruksmarknad, sykkelshow, gratis sykkelservice og mykje meir. 
 
 

På programmet

  • Gatesirkus med Cirkus Balanse/Fyllingsdalen teater (Krysset ved Vaskerelven/Engen)
  • Konsert med KaPling! (utanfor Kulturhuset, Vaskerelven) 
  • Gratis sykkelservice (Engen) 
  • Den Natonale Scene flyttar ut i gata (Engen): Bli med på fekteskole, rebuseventyr og formingsaktivitetar med figurar frå Narnia-universet. 
  • Sykkelshow med MOOW (Torgallmenningen) 
  • Sykkelløype for barn med Sykkelkids (Veiten)
  • Hoppeslott
  • Aktivitetsløype for barn
  • Smoothiesyklar – lag din eigen smoothie med pedalkraft.
  • Stand med Miljøløftet, Skyss, Naturvernforbundet, Syklistforeningen og Bergen Turlag. 
 
Alle aktivitetar er gratis. 
 
  • Gjenbruksmarknaden med Shopperiet som tidlegare var på programmet, går dessverre ut. 
 
Les meir om arrangementet på Facebook her:
Under ser du nokre foto frå Bilfri dag tidlegare år.