

Vedtok fleire nye Miljøløftet-prosjekt
Styringsgruppa i Miljøløftet har vedtatt eit nytt handlingsprogram som viser kva prosjekt som skal bli prioritert dei tre neste åra.
Handlingsprogrammet i Miljøløftet er ein plan for korleis midlane i byvekstavtalen skal bli brukt dei kommande åra. I planen ligg det prosjekt som blir finansiert med statlege midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar.
Lista blir oppdatert årleg, og i fredagens møte i styringsgruppa til Miljøløftet blei det nye handlingsprogrammet for 2027 til 2029 vedtatt.
Innspel til statsbudsjettet
Mellom anna er det planlagt oppstart av ti nye prosjekt med statleg finansiering til neste år. Desse er:
Alver:
Askøy:
Bergen:
- Gabriel Tischendorfs vei, Frydenbølien og Gylden
prisveien. - Gang- og sykkelveg Ytre Arna–Breistein
- Kv. 5294 Reianevegen gang- og sykkelbro
over Storelva - Wiers Jenssens vei. Fremkommelighet og
sikkerhet
Bjørnafjorden:
Øygarden:
Heile avtaleområdet:
- Oppgradering av haldeplassar riksveg
Sjølv om desse prosjekta står i handlingsprogrammet, er dei ikkje garantert finansiering. Det er fordi prosjekta også er avhengig av å få tildelt midlar gjennom statsbudsjettet. Lista fungerer derfor som Miljøløftet sitt innspel til statsbudsjett 2027, som vil bli bestemt i desember.
Påbegynte prosjekt, kollektivsatsing og bompengar
I tillegg inneheld handlingsprogrammet fleire prosjekt som allereie har starta opp, til dømes etablering av trafikksikker- og attraktiv gang- og sykkelløysing langs Hatvikvegen (bildet øvst i artikkelen), delstrekningane Bradbenken–Glass Knag og Nesttun–Skjold på sykkelstamvegen i Bergen og utbetring av sentrumsområde ved Skogsskiftet. Staten har allereide forplikta seg til vidare finansiering av desse prosjekta.
Partane ønsker også å bruke bompengar til planlegging av bybane til Åsane, statlege midlar til å styrke kollektivtilbodet i avtaleområdet, og fylkeskommunale midlar til ei rekke prosjekt som skal gjere det meir attraktivt å velje sykkel, gange eller kollektiv.
Til lokalpolitisk handsaming
Handlingsprogrammet for 2027–2029 har blitt vedtatt i Miljøløftet sin styringsgruppe. Før handlingsprogammet er gyldig må det også bli vedtatt i Vestland fylkesting, Bergen bystyre og kommunestyra til Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.
Det er planlagt handsaming i desse styra før sommaren.
Handlingsprogrammet inneheld planar for dei neste tre åra, men blir justert kvart år. Ny justering av handlingsprogrammet vil derfor bli tema i Miljøløftet sine organ rundt årsskiftet 2026/2027.
Du kan sjå heile dokumentet her.
Bilde øvst i artikkelen: Byggerarbeid i Hatvikvegen, Bjørnafjorden. Foto: Anders Kjetland